Vegetasjon på gravplassen

Fra magasinet
Busker og tre er sentrale element på gravplassen. Ikkje berre dei store praktfulle alleane, men òg frodige enkelttre, lubne buskar og vakre samanplantingar.
Eit monumentalt eiketre på Hof kyrkjegard, Holmestrand. Store eiketre er verna etter naturmangfaldloven, dei er viktige leveområde for insekt, sopp, mose og lav. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Vegetasjonen kan danne rom som er «passe store» og kan tilføre eit område med graver ei god og kjent ramme. Buskar gir sårbare sørgande skjerming og det kan kjennast godt å sitte under eit stort tre. Det som veks og gror er sentrale element for opplevinga av gravplassen ved gravferd og som sørge- og minnestad.

Tiltak på gravplass

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har utarbeidet en serie temanotat med råd og rettledning for å gjennomføre tiltak på gravplassen på en god måte.

Disse temanotatene vil presenteres i fagbladet Gravplassen fremover. Temanotatene er også tilgjengelige på Statsforvalterens hjemmeside.

Vegetasjonen kan ha historisk verdi både som grønstruktur og ved sjølve plantematerialet. Variasjonar gir biologisk mangfald. Gravplassar med rik vegetasjon er tenlege rekreasjonsområde i byar og tettstader. Tre og plantar har ein positiv effekt på den psykiske helsa vår. Levande vegetasjon endrar seg over tid, han har årstidsvariasjonar og kan vere eit meiningsfullt bilete på livets gang.

Ut frå kartlegginga i prosjektet «Egnet jord til kistegraver» (NIBIO 2022) visar det seg òg at vegetasjon har ein svært positiv effekt på nedbrytinga av gravinnholdet i kistegraver.

Temanotat

1 Belysning på gravplass
2 Driftsbygning og driftsplass
3 Gravfelt
4 Gravkapell og bårehus
5 Informasjonstavler
6 Interne vegar
7 Endring av minnelundar
8 Utstyr – avfallsdunkar, vasspostar, benkar m.m.
9 Parkeringsplass
10 Klokkestøpul
11 Vegetasjon

Tre og buskar bør i størst mogleg grad takast vare på. Eit tre eller ei trerekke markerer gravplassen og gir han karakter. Buskar kan forme «inneveggar» og dele han opp slik at proporsjonane blir høvelege for folk. Tre og buskar er viktige for den visuelle heilskapen.

Før ein tek stilling til kva ein skal gjere med eit stort tre som kan sjå ut til å ha hatt tida si, bør ein arborist eller trepleiar undersøke treet. Dersom det er mogleg å skjere eller på anna måte sikre det, vil det som oftast vere ei betre løysing enn felling. Det tar mange år for eit nyplanta tre kjem opp i en vaksen storleik.

Er det ein opphavleg gravplassplan?

Mange av gravplassane våre, særleg dei som er i nærleiken av byane, har ein gamal gravplassplan med markering av tre og andre vekstar. Planen kan vise både monumentale allear, klipte hekkar, stramme hellegangar og andre element, han kan omfatte heile gravplassen eller delar av han.

Alle nye gravplassar og utvidingar skal ha ein slik plan det er ein føresetnad for godkjenninga, sjå gravplassforskrifta § 3. Om ein «litt ny» plan har element som ikkje fungerer slik ein har tenkt, rår vi til at ein tar kontakt med dei som har forma han for å finne ein erstatning for «vanskelege vekstar».

Sjølv om ikkje planen er lett tilgjengeleg på gravplasskontoret i dag, kan det vere at han finnest «ein stad» - innerst i skåpet eller kanskje på loftet i prestegarden? Organisering, ordningar og arkivsystem for gravplassane har jo endra seg gjennom åra.

Om ein ikkje finn ein slik opphavleg plan, kan restar etter eldre vegetasjon slik som gamle allear, trerekker eller kanskje knutekolla tre, gi signal om eldre struktur. Gamle flyfoto kan òg gi informasjon om korleis strukturen kan ha vore tenkt. Slike kjelder kan vere til god hjelp til planlegginga.

Frodige lauvtre gir fine årstidsvariasjonar og karakter til den nyaste utvidinga av Konnerud kyrkjegard, Drammen. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Fargespel i vegetasjon. Moholt kirkegård i Trondheim. Foto: Synnøve haugstad Sira
Nygård kirkegård i Bergen. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.
Furutrær gir særpreg på Elvebakken kirkegård i Alta. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.
Blaker kirkegård i Lillestrøm. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Eksempel på opphaveleg gravplassplan. Tønsberg nye kirkegård.

Gravplassar utan ein slik plan eller struktur

Der det venteleg ikkje har vore ein slik plan, eller om det er behov for å supplere han, rår vi til å lage ein ny planteplan. Vegetasjonen er viktig for gravplassen og tidsperspektiva er lange. Planlegg heilskapleg og langsiktig.

Terreng, naboskap, internvegar, storleiken på gravfelta og eventuell kyrkje på staden, er med på å sette ramane. Fagfolk ser kvalitetar og kan finne fram til egna tre og plantar for skjerming, romdanning og liknande.

Vegetasjonen bør vere egna til føremålet, til dømes bør tre langs ein gravplassveg vere høgstamma. Nye tre og plantar bør gå inn som ein naturleg del av den visuelle heilskapen og karakteren. Om ein må felle eit visuelt sentralt tre av omsyn til tryggleiken, bør ein plante tilsvarande tre på den same staden.

Tre og plantar bør vere innanfor tilrådd klimasone (H1- H8) og ein bør plante med tilrådt planteavstand. Ved avvik må ein ha ei gjennomtenkt haldning til kvifor ein ikkje følgjer råda.

Ver merksam på

Vegetasjonen må plantast med god nok avstand til graver, vegar, bygningar, murar og andre konstruksjonar på gravplassen. Rotsona kan vere større enn krona.

Planting av vegetasjon må ikkje bidra til utilsikta spreiing av artar som står på Artsdatabanken sin liste over framande artar.

Ut frå omsynet til universell utforming, må nye tre og plantar vere allergivennlege.

Når må ein søke statsforvaltaren?

Om tiltaket vil endre gravplassen sin eigenart, eller tilhøva for dei som vitjar han, vil det vere ein vesentleg endring som ein må søke om, sjå gravplassloven § 4. Til dømes fjerning av karakterdannande vegetasjon som alléar, store enkelttre og romdannande vegetasjon. Ny planteplan vil vere ei vesentleg endring dersom han fører til endring av karakteren til gravplassen.

Enkelte tiltak kan vera søknadspliktige etter andre lovar eller føresegner, som til dømes plan- og bygningsloven eller kulturminneloven. Ta kontakt med den aktuelle instansen for å avklare dette.

Tove Frøvoll Thoresen
Seniorrådgiver
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Lignende saker

Utvidelsen på gravplassen i Lørenskog

Ellipseformede gravfelt plassert mellom grøntstrukturer og friområder til rekreasjonsbruk representerer en ny måte å tenke gravplass på.

Bentzen AS på Park- og anleggsmessen

Vi stakk innom standen til Bentzen AS på Park og Anleggsmessen, og der kunne daglig leder Helge Granly fortelle at de hadde to relativt ferske nyheter: De er blitt forhandler av hele sortimentet til Makita, og de er nå forhandler av Paxter.

Grønn Galla og FAGUS 20 år

Hipp hurra for FAGUS 20 år! Jubilanten ble feiret med Grønn Galla der temaet var gjenbruk og livsløp i grøntanleggsbransjen.

Endring i avfallsforskriften

Nå må alle gravplasser kildesortere og levere avfall til gjenvinning. Det nye nasjonale kravet møtes med både innsatsvilje og skepsis hos landets gravplassforvaltninger.

Ekstrem batterilader og avanserte robotklippere

Et av de mest vanlige argumentene mot batteridrevne maskiner er at det tar så lang tid å lade batteriene. Men hva om man kan lade batteriene nesten like raskt som man fyller bensin? Det er hva den nye batteriladeren fra Kress kan gjøre.

Digital plantedatabase på trappene

FAGUS (Faglig utviklingssenter for grøntanleggssektoren), Det norske hageselskap (Hageselskapet) og Institutt for landskapsarkitektur, NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) samarbeider om å utvikle en søkbar digital kunnskapsbase for bærekraftige plantevalg.