Råd og rettleiing – og kva er ei vesentleg endring

Fra magasinet
Vi hos Statsforvaltaren får av og til spørsmålet «Må vi søke om det?» Svaret er ganske ofte «Det kjem an på…». Statsforvaltaren skal godkjenne «vesentleg endring» av gravplassen – kva ligg i det?
Liten driftsbygning på Ask kirkegård, Ringerike. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Statsforvalterens spalte

Dette er Statsforvalterens faste spalte i fagbladet Gravplassen. Her belyser Statsforvalteren forskjellige tema som angår de lokale gravplassmydnighetene.

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark er regional gravplassmyndighet for hele landet

Kontakt

Husk at informasjon som er underlagt taushetsplikt ikke skal sendes per e‐post. Benytt post eller Sikker melding-tjenesten på statsforvalterens nettside.

For å konkretisere «Det kjem an på» har vi sett på ein del «vanlege» tiltak. Resultatet av desse vurderingane er, mellom anna, ein tabell med oversikt over dei mest aktuelle søknadspliktige tiltaka etter gravplassloven, og ein serie notat med råd og rettleiingar.

Føresegna er at anlegg, utviding, nedlegging og annan vesentleg endring av gravplass og bygningar på gravplass, krev godkjenning frå statsforvaltaren, sjå gravplassloven § 4 og gravplassforskrifta § 2.

Når er endringane vesentlege?

Om tiltaket er av ein slik karakter eller storleik at det vil endre gravplassen sin eigenart eller tilhøva for dei som vitjar han, vil det vere ei vesentleg endring som statsforvaltaren skal godkjenne. Dette gjeld òg ein del av bygningane som høyrer til gravplassen – oftast fasadar og tilbygg, men òg seremonirom i gravkapell.

Ver òg merksam på at tiltak i kyrkja sitt uteområde som kan virke negativt inn på dei kulturhistoriske verdiane, vil ein normalt regne som vesentlege endringar av gravplassen, sjå punkt 4.4.2 i Rundskriv Q-06/2020 Forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminner og kulturmiljø (Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet).

Temanotat

I tillegg har vi utarbeida ein serie temanotat med råd og rettleiingar for å gjennomføre vanlege tiltak på gravplassen på ein god måte. Desse tiltaka vil i mange tilfelle ikkje vere søknadspliktige , men i temanotata har vi nærmare gjort greie for når ein må søke godkjenning etter gravplassloven.

"Desse notata kjem vi til å presentere i fagbladet Gravplassen framover."

Desse notata kjem vi til å presentere i fagbladet Gravplassen framover. Den første presentasjonen er om nytt gravplassutstyr slik som vasspostar, benkar og avfallspunkt. Bladet sendast til Gravplassforeiningas medlemmer om litt over ei veke.

Men det lar seg ikkje gjere å skrive om alle tiltak som er aktuelle for ein gravplass – det er tilhøve vi ikkje har tenkt på, eller der føringane ikkje er tenlege. Det er òg enkelte tema vi førebels ikkje har utarbeida skriftlege råd for, - vi håpar at vi kan få det til etter kvart.

Ved å følge rettleiingane i temanotata kan forvaltninga enklare sikre at tiltaket får slik orden og vørdnad som eigenarten legger til grunn. Rettleiingane gir konkrete føringar, mellom anna om avstandar, dei minner om universell utforming, kulturminneomsyn og dei viser til aktuelle ressursdokument.

Råd og rettleiing, gravplass

  • 1 Belysning på gravplass
  • 2 Driftsbygning og driftsplass
  • 3 Gravfelt
  • 4 Gravkapell og bårehus
  • 5 Informasjonstavler
  • 6 Interne vegar
  • 7 Endring av minnelundar
  • 8 Utstyr – avfallsdunkar, vasspostar, benkar m.m.
  • 9 Parkeringsplass
  • 10 Klokkestøpul
  • 11 Vegetasjon

I prosessen med utarbeidinga av desse temanotata, har eit utval av gravplassmyndigheitar, organisasjonar, departementet og andre instansar gitt oss tilbakemeldingar.

Mange gravplassar ligg omkring ei kyrkje. Tiltak på kyrkja kan ha konsekvensar for gravplassen. Om ein til dømes skal etablere ei rampe for å komme inn kyrkja, eller brannsikre ho, må avstanden til gravane i nærleiken vere god nok. Eit stillas for takarbeid på kyrkja kan vere krevjande for bruken av gravplassen sjølv om arbeidet berre er ein kort periode. Våren 2021 la vi difor fram "kyrkjeserien", gravplassomsyn ved tiltak på kyrkjer.

Kyrkjeserien, vesentleg endring

  • 1 Rampe, tilgang til kyrkjer
  • 2 Lys på gravplassar (fasadelys kyrkjer m.m.)
  • 3 Brannsikring av kyrker
  • 4 Små tilbygg til kyrkjer
  • Gode råd, tiltak på kyrkjer
    Planen er å revidere kyrkjeserien i løpet av året.

Ver merksam på at enkelte tiltak òg kan vere søknadspliktige etter andre lovar eller føresegner, som til dømes plan- og bygningsloven, kulturminneloven, vegloven eller kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Ta kontakt med den aktuelle instansen for å avklare dette.

Både dei nye rettleiingane og dei frå 2021 er tilgjengelege på nettsida til Statsforvaltaren (søk gravplassmyndighet/gravplassmyndigheit). Vi håper rettleiingane vil vere tenlege!

Tove Frøvoll Thoresen
Seniorrådgiver
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Lignende saker

Vegetasjon på gravplassen

Busker og tre er sentrale element på gravplassen. Ikkje berre dei store praktfulle alleane, men òg frodige enkelttre, lubne buskar og vakre samanplantingar.

Utstyr på gravplass

Vannposter, benker og avfallsstasjoner bidrar til å gjøre gravplassene funksjonelle for både besøkende og ansatte.

Universell utforming

Hvilke regler gjelder og hvor finnes det veiledning om universell utforming?

Næringsvirksomhet på gravplassen

Hvordan skal gravplassmyndigheten forholde seg til de som ønsker å drive næringsvirksomhet gjennom å yte tjenester for den som er ansvarlig for grav eller fester?

Lokale gravplassvedtekter

Av gravplassloven § 21 følger det at gravplassmyndigheten fastsetter vedtektene for gravplasser. Vedtektene skal godkjennes av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark før vedtektene kunngjøres og trer i kraft.

Kulturminner på gravplassen

Hvilke regler gjelder?