Driftsbygningar og driftsplassar

Fra magasinet
Dei er svært ulike både i storleik, utforming og historikk – store anlegg med garasjar, kontor og garderobar, og små plassar med litt strøsand og kanskje eit enkelt hus for reiskap. Enkelte bygningar har tidlegare vore kyrkjestall eller utedo – eller er det kanskje framleis. Kva for føringar må ein ta omsyn til, og når er det statsforvaltaren skal ha søknad om endring av driftsbygningar og driftsplassar?

Kortversjonen er slik som elles, dei overordna føringane i gravplassloven om «orden og verdighet». Men rammene for kva som er orden og vørdnad er ulike ut frå funksjonane på gravplassen. Omsynet til dei sørgande må stå sentralt alle stader, samstundes som driftsbygningar og -plassar må ha praktiske løysingar og gode arbeidsmiljøtilhøve. Legg til rette for gode rutinar sjølv om området «berre» er for dei tilsette. 

Tiltak på gravplass

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har utarbeidet en serie temanotat med råd og rettledning for å gjennomføre tiltak på gravplassen på en god måte.Disse temanotatene vil presenteres i fagbladet Gravplassen fremover. Temanotatene er også tilgjengelige på Statsforvalterens hjemmeside.

Driftsbygningar og -plassar må vere tenlege ut frå føremålet, men dei bør ta lite visuell merksemd. Når det er ei kyrkje eller eit kapell på gravplassen, bør dei andre bygningane underordne seg denne stadsmarkøren både i plassering, storleik og utforming. Når ein skal bygge nytt eller gjere endringar, må ein difor sjå på heilskapen. Om dei visuelle tilhøva på eit eksisterande område ikkje er så gode, kan det kanskje vere til hjelp med skjermande vegetasjon eller ein meir dempa farge på bygningane? 

Driftsplassar

Plasseringa bør vere praktisk og lett tilgjengeleg, likevel skjerma frå gravplassen elles. Unngå at han er ved tilkomsten til kyrkje eller gravkapell. Skjerminga av driftsplassen kan vere i form av eit gjerde, ein hekk eller annan vegetasjon. Utforminga bør vere tilpassa gravplassen og dei lokale tilhøva. 

Sjølv dei små gravplassane bør ha ein tilpassa, liten stad for oppbevaring av til dømes overskotsjord og strøsand. 

Etablering av bingar for kompost, jord og stein gir god orden. Fast dekke og sluk kan vere praktisk, hugs handteringa av overvatnet. Utelys må ein rette ned til området som treng det. Unngå strølys og armatur som blendar. 

Driftsbygningar 

Eksteriøret bør vere dempa utan «urolege» bygningselement slik som karnapp, ark eller liknande. Tilbygg bør ha tilsvarande materiale og farge som eksisterande driftsbygning. Bruk tre, stein, mur og andre haldbare materiale med kjent aldring/patina, og ver merksam på det heilskaplege kulturmiljøet. 

Fargesetting er eit egna verkemiddel for å gjere bygningar lite synlege. Kvitfarge og kontrastar tar visuell merksemd. Driftsbygningar bør difor som oftast ha ei dempa farge - sjølv om det er ei kvit kyrkje på gravplassen. Dei tradisjonelle uthusfargene (jordfargar) er til vanleg godt egna for driftsbygningar i tre. Det gir mest ro om garasjedørene har den same farga som veggane. 

Nye oppvarmingssystem eller ventilasjonsanlegg, til dømes varmepumper, må ein unngå å montere slik at «ute-delar» kjem inn mot eit gravfelt, tett på ein prosesjonsveg eller kan vere til sjenanse for sørgande på andre måtar. Avstanden til den næraste grava må minst vere 3 meter. Takmontert solcellepanel kan være positivt for ressursane, men ein må sjå dei i samanheng med dei visuelle konsekvensane for gravplassen. 

Nye driftsbygningar bør ein primært legge i samband med ein etablert driftsplass. Ver merksam på siktelinjer og den heilskaplege visuelle verknaden for gravplassen eller kyrkjestaden. 

Om ein må oppbevare urner i ein driftsbygning, om det så berre er for ei kort tid, må dei ha ein fast plass i samsvar med krava om orden og vørdnad. Dei bør stå i eit låsbart rom eller skap som er tilpassa føremålet. Unngå at tilkomsten er via ein garasje, eit lager eller eit anna birom. Tenk gjerne at dei etterlatne kjem med inn for å hente ho ved urnenedsetting – sjølv om dei ikkje plar gjere det. 

Gamle gravplassar kan ha driftsbygningar med historie som kyrkjestall, «sentralfyr», naust eller gravarhus. Dei kan ha høg kulturminneverdi – det er få slike bygningar att. 

Når må ein søke statsforvaltaren? 

Sidan driftsplassar og -bygningar er så ulike på både utforming og storleik er det vanskeleg å sette ord på kva som skal til for at endringane er vesentlege, slik at statsforvaltaren skal godkjenne dei, sjå gravplassloven § 4. 

Temanotat

1 Belysning på gravplass

2 Driftsbygning og driftsplass

3 Gravfelt

4 Gravkapell og bårehus

5 Informasjonstavler

6 Interne vegar

7 Endring av minnelundar

8 Utstyr – avfallsdunkar, vasspostar, benkar m.m.

9 Parkeringsplass

10 Klokkestøpul

11 Vegetasjon

Den generelle formuleringa er difor: Om tiltaket er av ein slik karakter eller storleik at det vil endre gravplassen sin eigenart, eller tilhøva for dei som vitjar han, vil det vere ein vesentleg endring som ein må søke statsforvaltaren om. Ein må alltid søke om: 

Oppføring av nybygg eller tilbygg større enn 30 m2 inne på eller ved driftsareal. 

Utviding av driftsplass, oppføring av driftsbygning eller tilbygg når arealet rører ved eksisterande gravfelt, gangareal, vegetasjon og liknande. 

Endring av hovudfunksjonen til ein bygning når han har konsekvensar for bruken av gravplassen, til dømes endring frå driftsbygning til kyrkjestove. 

Slik som elles minner vi om at eit tiltak kan vere søknadspliktig ut frå andre lovar eller føresegner, som plan- og bygningslova, kulturminnelova eller kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Dette vil til dømes gjelde tiltak ved/på mellomaldergravplassar eller ved kyrkjer med kulturminnestatus listeført. Ta kontakt med den aktuelle instansen for avklaring. 

Tove Frøvoll Thoresen
Seniorrådgiver
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Lignende saker

Vegetasjon på gravplassen

Busker og tre er sentrale element på gravplassen. Ikkje berre dei store praktfulle alleane, men òg frodige enkelttre, lubne buskar og vakre samanplantingar.

Utstyr på gravplass

Vannposter, benker og avfallsstasjoner bidrar til å gjøre gravplassene funksjonelle for både besøkende og ansatte.

Universell utforming

Hvilke regler gjelder og hvor finnes det veiledning om universell utforming?

Råd og rettleiing – og kva er ei vesentleg endring

Vi hos Statsforvaltaren får av og til spørsmålet «Må vi søke om det?» Svaret er ganske ofte «Det kjem an på…». Statsforvaltaren skal godkjenne «vesentleg endring» av gravplassen – kva ligg i det?

Næringsvirksomhet på gravplassen

Hvordan skal gravplassmyndigheten forholde seg til de som ønsker å drive næringsvirksomhet gjennom å yte tjenester for den som er ansvarlig for grav eller fester?

Lokale gravplassvedtekter

Av gravplassloven § 21 følger det at gravplassmyndigheten fastsetter vedtektene for gravplasser. Vedtektene skal godkjennes av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark før vedtektene kunngjøres og trer i kraft.