Informasjonstavler
Dei skal hjelpe dei som besøker gravplassen med å få ei oversikt over området og relevant informasjon. Dette er særleg aktuelt på dei store gravplassane med mange gravfelt eller der avstandane er lange. Kva føringar bør ein ta omsyn til når ein skal lage ei informasjonstavle?
Tenk over kva for behov informasjonstavla skal dekke. Skal ho berre gje oversyn over gravplassen, kan det til dømes vere tilstrekkeleg med eit kart som syner gravfelta, gangvegane, vasspostane, avfallstasjonane og liknande. Andre gongar kan det vere aktuelt å kombinere kartet med ein tekst eller piktogram.
Ei informasjonstavle står ofte ved hovudinngangen eller hovudinngangane til gravplassen. På store gravplassar med fleire inngangar kan det vere ein fordel med fleire skilt i ein heilskapleg skiltløysing. I tillegg til informasjonstavla kan det vere tenleg med mindre skilt inne på gravplassen, til dømes bokstav/nummer ved gravfelta og nemning/kort tekst ved ein minnelund. Tydeleg skilting er ofte ein føresetnad for at dei besøkande skal kunne orientere seg.
Utsjånaden til informasjonstavlene og skilta bør vere diskré og inngå som ein naturleg del av gravplassen sin visuelle heilskap, men dei må samstundes vere lette å sjå når ein ser etter dei. Informasjonstavler og skilt kan ha ulike materialar, men materialane og handverket må alltid ha god kvalitet. Om det er ei kyrkje på gravplassen som har den same hovudtilkomsten, må ein vise særleg merksemd ved utforming og plassering og korleis dette påverkar kyrkjestaden.
Informasjonstavler må stå utanfor gangsonene, men det må vere mogleg for besøkande med ulike grad av rørsleevne å komme tett på skiltet. Framfor informasjonstavla bør det vera eit flatt område med fast dekke, til dømes eit fast grusdekke. Dekket må vere fast og kompakt nok til at ein kan kome fram med rullestol, rullator eller barnevogn. Det bør vere minst 1 meters avstand til den næraste grava.
Informasjonen på tavla bør vere eintydig, kortfatta og lett å forstå. Tekst og tal må ha tydeleg utforming med kontrast til bakgrunnen av skiltet. Merk at tekst på ein mønstra bakgrunn eller over eit fotografi kan vere vanskeleg å lese. Tekst og tal bør heller ikkje vere for smått.
Kart bør vere tydelege og ikkje for detaljerte. Om det er naudsynt med meir detaljering over eit område, kan ein ha fleire kart i ulik målestokk. Kartet bør ha eit merke «Du står her». Kartet kan òg vise kulturminne slik som til dømes mellomaldergravplassen og gravhaugar. Hugs å ha med ei enkel teiknforklaring.
Om det er annan informasjon som bør kome fram, kan skiltet ha ein tekstdel i tillegg. Grafiske symbol kan ein nytte når det er tenleg. Tavla kan òg ha punktskrift, eventuelt taktil skrift og kart. Kunstig lys må ikkje blende eller gje uønskt strølys.
Dei same føresetnadene gjeld for digitale informasjonstavler og for skilt på portstolpar så langt dei er aktuelle.
Når må ein søke statsforvaltaren?
Om tiltaket er av ein slik karakter eller storleik at det vil endre gravplassen sin eigenart, eller tilhøva for dei som vitjar han, vil det vere ei vesentleg endring som ein må søke statsforvaltaren om, sjå gravplassloven § 4. Oppsett av informasjonstavler vil normalt ikkje vere ei vesentleg endring av gravplassen.
Er tiltaket søknadspliktig etter andre lovar eller føresegner?
Ver merksam på at nokre tiltak kan vere søknadspliktige etter andre lovar eller føresegner, som til dømes kulturminnelova eller kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Ta kontakt med den aktuelle instansen for å avklare dette.
Statsforvalteren I Vestfold og Telemark
Lignende saker
Vegetasjon på gravplassen

Utstyr på gravplass

Universell utforming

Råd og rettleiing – og kva er ei vesentleg endring

Navna minnelunder – aktuelt for deg og meg (del 2)

Navna minnelunder – aktuelt for deg og meg
