Interne vegar og endringar

Fra magasinet
På gravplassen skal det vere lett å komme fram for båreprosesjon, besøkande og med teknisk utstyr til alle gravfelt. Kva for standard vegane skal ha er avhengig av bruken og trafikkmengda.
Alfaset gravlund, Oslo. Asfaltdekke fungarar ofte betre i urbane område enn i dei landlege. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Gravplassen sin karakter og bruken av vegane er førande for utforminga. Det som er tenleg for store og breie hovudvegar høver sjeldan på ein liten gangsti. Armert grasbakke kan til dømes vere tilstrekkeleg der det er lite trafikk, mens det andre stader vil vere naudsynt å etablere eigne gangvegar. I tillegg til dei praktiske funksjonane, vil utforminga av vegsystemet verka inn på gravplassen sin visuelle heilskap. Materialar og handverk må alltid ha god kvalitet.

Endring av eksisterande vegar

Endringar bør alltid vere i tråd med gravplassen sin eigenart. Utsjånaden og utforminga av vegsystemet er ein del av gravplassen sin visuelle heilskap og karakter og endring av dekke, kantstein eller breidde må ikkje redusere kvalitetane til gravplassen. Tilsvarande gjeld for trapper.

Endre av dekke kan nokre gongar ha stor verknad for heilskapen og kvaliteten til gravplassen. Å bytte ut skifer med asfalt kan til dømes ha stor verknad for gravplassen sitt visuelle utrykk. Dette er avhengig av dei lokale tilhøva.

Ved auking av vegbreidda må ein passe på at det framleis er tilstrekkeleg avstand mellom vegen og gravene. Vegen må ikkje røyre ved gravene (sjølve grava, ikkje berre gravminnet). Mellom veg og grav bør det vere ein buffersone på minst 1 meter. Avstanden må vere tilstrekkeleg av omsyn til gravene sjølv og for dei som besøker dei. Graver som ligg for tett på vegen, bør på sikt tas ut av bruk ved at ein ikkje tildeler dei på nytt.

Ein bør ikkje endre vegens høgde på ein slik måte at det er til ulempe for gravene i nærleiken.

Bragernes kirkegård, Drammen. Historisk veganlegg. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Time gravplass, Time. Grusveg med kantavgrensing. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Ver merksam på at grusvegar over tid kan endre bredde og «grave» seg inn i graver som ligg for nærme. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Tønsberg gamle kirkegård, Tønsberg. Trerekker kan skape virkningsfulle og flotte akser. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Universell utforming

Av omsyn til universell utforming er det viktig at vegdekket er fast og kompakt nok slik at ein kan køyra med rullestol, rullator eller barnevogn. Vegen bør òg ha ei synleg og følbar avgrensing, til dømes avgrensing mellom grusen og graset, alternativt ei ledelinje eller tilsvarande. Der det er kantstein må den synlege sida (visflata) vere på maks eit par centimeters høgde slik at ein lett kan passere kanten med hjul.

Pass på at endring av eksisterande vegar ikkje gjer tilgangane på gravplassen dårlegare for rørslehemma, men at han vert like god eller betre. Ved reduksjon av vegbreidda må vegen framleis vere brei nok etter dei gjeldande føresegnene for universell utforming, om det ikkje er ein alternativ tilkomst til gravfeltet som er tenleg og innanfor krava.

Historiske veganlegg

Tiltak på gravplass

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har utarbeidet en serie temanotat med råd og rettledning for å gjennomføre tiltak på gravplassen på en god måte.

Disse temanotatene vil presenteres i fagbladet Gravplassen fremover. Temanotatene er også tilgjengelige på statsforvalterens nettsted.

Enkelte gangvegar er del av eit historisk veganlegg på gravplassen som ein bør ta vare på. Dette gjeld særleg historiske eller verknadsfulle aksar og plassar som er utforma med eit bestemt føremål etter ein tidlegare gravplassplan. Slike historiske veganlegg kan enkelte gongar ha eit formelt vern, til dømes gjennom ein lokal verneplan, plan- og bygningslova eller kulturminnelova. Føresegnene i samband med vernet, legg rammene ved endringar av veganlegget.

Ver merksam på at om vegen ligg på ein mellomaldergravplass eller freda samisk gravplass, så kan ei endring krevja løyve frå kulturminnestyresmaktene sjølv om vegen ikkje er historisk.

Temanotat

1 Belysning på gravplass
2 Driftsbygning og driftsplass
3 Gravfelt
4 Gravkapell og bårehus
5 Informasjonstavler
6 Interne vegar
7 Endring av minnelundar
8 Utstyr – avfallsdunkar, vasspostar, benkar m.m.
9 Parkeringsplass
10 Klokkestøpul
11 Vegetasjon

Når må ein søke statsforvaltaren?

Om tiltaket er av ein slik karakter eller storleik at det vil endre gravplassen sin eigenart, eller tilhøva for dei som vitjar han, vil det vere ein vesentleg endring som ein må søke statsforvaltaren om, sjå gravplassloven § 4. Etablering av nye interne vegar eller endring/fjerning av historiske veganlegg vil ofte vere vesentlege endringar av gravplassen. Endring av eksisterande vegar, til dømes bredde, dekke, kantstein m.m., vil som regel ikkje vere ein vesentleg endring.

Enkelte tiltak kan vere søknadspliktige etter andre lovar eller føresegner, som til dømes plan- og bygningslova, kulturminnelova eller kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Ta kontakt med den aktuelle instansen for å avklare dette.

Hege Alice Granøe
Fagsjef gravplass
Statsforvalteren I Vestfold og Telemark

Lignende saker

Vegetasjon på gravplassen

Busker og tre er sentrale element på gravplassen. Ikkje berre dei store praktfulle alleane, men òg frodige enkelttre, lubne buskar og vakre samanplantingar.

Utstyr på gravplass

Vannposter, benker og avfallsstasjoner bidrar til å gjøre gravplassene funksjonelle for både besøkende og ansatte.

Universell utforming

Hvilke regler gjelder og hvor finnes det veiledning om universell utforming?

Råd og rettleiing – og kva er ei vesentleg endring

Vi hos Statsforvaltaren får av og til spørsmålet «Må vi søke om det?» Svaret er ganske ofte «Det kjem an på…». Statsforvaltaren skal godkjenne «vesentleg endring» av gravplassen – kva ligg i det?

Næringsvirksomhet på gravplassen

Hvordan skal gravplassmyndigheten forholde seg til de som ønsker å drive næringsvirksomhet gjennom å yte tjenester for den som er ansvarlig for grav eller fester?

Lokale gravplassvedtekter

Av gravplassloven § 21 følger det at gravplassmyndigheten fastsetter vedtektene for gravplasser. Vedtektene skal godkjennes av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark før vedtektene kunngjøres og trer i kraft.